Historisk arkiv

Satsing på teater og dans i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Tilskotet til Riksscenen for folkemusikk, joik og folkedans aukar med 13,4 millionar til 18 millionar kroner. Riksscenen opnar i nye lokale i Schous Kulturbryggeri i 2010.

Tilskotet til Riksscenen for folkemusikk, joik og folkedans aukar med 13,4 millionar til 18 millionar kroner. Riksscenen opnar i nye lokale i Schous Kulturbryggeri i 2010.

Scenen skal vere ein møteplass for sektoren og publikum. Dei nye lokala gir grunnlag for forsterka satsing på publikumsbygging.

Stiftelsen Horisont/Mela får ein auke på 1 million kroner slik at tilskotet for 2010 vil verte på 5 millionar kroner.

Oslo-Filharmonien vil få ein auke på 10 millionar kroner, til 117,9 millionar kroner i 2010. Forslaget skal mellom anna dekkje auka pensjonskostnader.

Tilskotet til Cikada og Oslo Sinfonietta aukar med 250 000 kroner. Dette vil gje eit tilskot på 2,3 millionar kroner i 2010. CODA – Oslo International Dance Festival får ein auke på 50 prosent i høve til 2009, frå 1 til 1,5 millionar kroner. Auken skal gå til styrking av drifta og gjennomføring av CODA-festivalen som vert arrangert annakvart år.      

Tilskotet til Det Norske Kammerorkester aukar med 1 million kroner til 6,9 millionar kroner. Oslo Kammermusikkfestival får ein auke på 250 000 kroner. Dette gir eit tilskot på om lag 1,6 millionar kroner i 2010.

Den Norske Opera & Ballett får eit samla tilskot på 440,4 millionar kroner i 2010. Dette er ein auke på 54 millionar kroner jamført med 2009. Auken skal styrkje den kunstnarlege verksemda, dekkje auka pensjonskostnader og elles gå  til vedlikehald og anna drift. Tilskotet til Danseinformasjon aukar med 300 000 kroner for å styrkje statistikkarbeidet.

Tilskotet til Nationaltheatret aukar med 11 millionar kroner. Påslaget skal dekkje auka pensjonskostnader og sikre godt og systematisk vedlikehald av Nationaltheaterbygningen. Det Norske Teatret får ein auke på 9 millionar kroner. Dette gir eit totalt tilskot på 137,1 millionar kroner i 2010. Oslo Danse Ensemble får ein auke på 300 000 kroner og vil få eit samla tilskot på om lag 1,6 millionar kroner. Den Unge Scenen vil få auka tilskotet med 250 000 kroner til 2,1 millionar kroner i 2010.

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vil få ein auke med over 11 millionar kroner i 2010. Dette vil mellom anna leggje til rette for eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og Kulturetaten i Oslo kommune om å førebu feiringa av Munch-jubileet i 2013. Auken i tilskotet gjer at museet også kan opprette ei eiga prosjektleiarstilling for å vareta brukarinteressene i det store byggjeprosjektet på Vestbanen. Om lag 1,5 mill. kroner av auken i løyvinga gjeld restinnfasing av spelemidlar frå Den kulturelle skulesekken til det ordinære statsbudsjettet.

2010 blir første heile driftsåret for Dramatikkens Hus. Tilskotet blir på totalt 11,5 millionar kroner. Tilskotet som for 2009 vart gitt til Det Åpne Teater, inngår i tilskotet til Dramatikkens Hus. Du Store Verden vil få ein auke på 350 000 kroner til 3 millionar kroner i 2010.

Vidare er tilskotet til Noregs Mållag auka med 500 000 kroner til 3,5 millionar kroner. Tilskotet skal gå til arbeidet med å styrkje nynorsk skriftkultur på alle samfunnsfelt.

Norsk Form vil få ein auke i tilskotet på 3,2 millionar kroner . Av dette skal 2,5 millionar kroner brukast til oppfølging av regjeringas plandokument for den norske arkitekturpolitikken. Norsk Form vil til saman få eit tilskot på 26,2 millionar kroner. Til plandokumentet er det også sett av 1 million kroner i 2010 til vidareutvikling av DogA – Norsk Design- og Arkitektursenter.

Norske Tekstilkunstnere vil få ei budsjettauke på 200 000 kroner til styrking av organisasjonen. Tegnerforbundet vil få den same auken. Unge Kunstneres Samfund vil få ein auke i tilskotet på 500 000 kroner, frå 2,3 til 2,8 millionar kroner.

Den totale løyvinga over KKDs budsjett til Oslo  i 2010 er på 1,48 milliardar kroner.

Tiltak                      Alle beløp i 1000-kroner

Vedtak 2009

Endring

Forslag
2010

Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek

5 567

500

6 067

Black Box Teater AS

2 727

200

2 927

Cikada og Oslo Sinfonietta

2 088

250

2 338

CODA

1 000

500

1 500

Danseinformasjon (Senter for dansekunst)

3 369

300

3 669

Den Norske Opera & Ballett

386 368

54 054

440 422

Den Unge Scenen

1 850

250

2 100

Det Norske Kammerorkester

5 939

1 000

6 939

Det Norske Teatret

128 077

9 000

137 077

Dramatikkens Hus

6 110

5 390

11 500

Du Store Verden

2 700

350

3 050

Emanuel Vigelands Museum

136

50

186

Nasjonal Jazzscene

7 425

500

7 925

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

233 589

11 235

244 824

Nationaltheatret

144 086

11 000

155 086

Nobels fredssenter

24 353

1 000

25 353

Nordic Black Theatre

5 300

500

5 800

Noregs Mållag

3 017

500

3 517

Norsk Folkemuseum/2009: Eidsvoll 1814

83 346

3 663

87 009

Norsk Form

22 975

3 235

26 210

Norsk Nettverk for Teknologi Akustikk og Musikk (NoTAM)

3 684

500

4 184

Norsk Teknisk Museum

23 874

2 000

25 874

Norske Tekstilkunstnere

1 033

200

1 233

Oslo Danse Ensemble (ODE)

1 260

300

1 560

Oslo Kammermusikkfestival

1 400

250

1 650

Oslo museum

7 797

500

8 297

Oslo-Filharmonien

107 921

10 000

117 921

Riksscene for folkemusikk, joik og folkedans

4 557

13 443

18 000

Stiftelsen Horisont/Mela

4 000

1 000

5 000

Tegnerforbundet

1 290

200

1 490

ULTIMA - Oslo Contemporary Music Festival

4 289

500

4 789

ULTIMA – husleigekostnader

1 723

55

1 778

Unge Kunstneres Samfund (UKS)

2 317

500

2 817

Vidareutvikling av DogA

 

1 000

1 000

Holmenkollen nasjonalanlegg - kap. 315,
ny post 80

 

10 000

10 000