Historisk arkiv

Skjerpar reglane for habilitet og styrkjer lokaldemokratiet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Odelstinget skjerpar krava til ordførarar og rådmenn som har styreverv i offentleg heileigde selskap.

Odelstinget skjerpar krava til ordførarar og rådmenn som har styreverv i offentleg heileigde selskap.

- Ingen skal vera tvil om kva hatt de skal nytta med dei nye reglane for habilitet for styremedlemmer, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Målet med framlegget frå Kommunal- og regionaldepartementet som i dag vert handsama av Odelstinget (jf. Ot.prp. nr. 50 (2008-2009) Om lov om endringer i forvaltningsloven (habilitet for styremedlemmer mv. i offentlig heleide selskaper) er å gjera rollene innafor den kommunale verksemda klårare.

- Skal innbyggjarane ha tiltru til lokaldemokratiet, må kommunane forvalta makt og offentlege midlar til beste for fellesskapet. Då treng vi gode spelereglar som gir meining for omgjevnadene. Når kommunen fattar avgjerder skal det ikkje vera grunnlag for å stilla spørsmål om rolleblanding. Derfor har vi føreslått at ingen kommunalt tilsette eller folkevalde skal kunna handsama saker i kommunen som gjeld eit selskap der dei sjølve er styremedlem. Som styremedlem har du ei plikt til å setja selskapet sine interesser fyrst. Det inneber at du kan få eit personleg erstatningsansvar, seier Kleppa.

I dag må ein tre attende frå handsaming av saker i kommunen dersom ein er styremedlem i eit selskap som er part i saka. Men denne ugildregelen har ikkje omfatta selskap som er fullt ut offentleg eigde. Her har kommunen si trong til å sjå heilskapen i den kommunale verksemda vore overordna prinsippet om rolleklårleik.

Bakgrunnen for ei skjerping av lovverket, er stor auke i bruken av selskap og andre fristilte organisasjonsformer i kommunane. Det har vore vanleg at ordførar, andre politikarar og tilsette i kommuneadministrasjonen har hatt styreverv i slike selskap. Dermed har vi også fått ein auke av personar med doble roller i kommunane. Samtidig har det stadig oftare vorte stilt spørsmål, gode spørsmål, ved om habilitet og rolleklårleik er godt nok ivareteke. Samordning er viktig, men ikkje så viktig at det overskuggar alle andre omsyn.

Med dei nye reglane kan ikkje ordføraren som også er styreleiar i eit heileigd kommunalt avfallsselskap, vera med når kommunestyret deler ut kontraktar om avfallshandtering. Ein rådmann som er styremedlem i eit kommunalt eigedomsselskap vil ikkje kunna handsama saker som gjeld tildeling av løyver til selskapet.

- Spørsmålet om habilitet for styremedlemmer i offentlege selskap har vore debattert i 20 år. Det er vurderinga av kva omsyn som skal vega tyngst, rolleklårleik eller ei effektiv samordning mellom kommunane og selskapa, som har vore så vanskeleg, seier Kleppa.

Ho understrekar at korkje ordførarar eller rådmenn vert kasta ut av styra.

-  Men vi krev medvitne lokale folkevalde som kan vega verdet av styreverv mot verdet av å vera med og treffa avgjerder i politiske organ. Klåre, tydelege roller er naudsynt om innbyggjarane framleis skal ha tillit til kommunane. Tillit er viktig om lokaldemokratiet skal fungera. Eg har tru på kommunane vil vera med og tryggja lokaldemokratiet. Difor strammar vi no inn, seier statsråden.