Historisk arkiv

10 år med Husleigetvistutvalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg er stolt over at me i desse dagar feirar eit Husleigetvistutval og ei ordning som har vore vellukka. Sakene strøymer inn og mange får hjelp av utvalet, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Husleigetvistutvalet (HTU) er eit tvisteløysingsorgan som kan mekle og avgjere alle typar tvistar om leige av bustad.

Frå å starte som ei prøveordning i Oslo i 2001, er utvalet i dag permanent. Ordninga er utvida og gjeld også Akershus, Bergen og Trondheim. I samband med statsbudsjettet for 2012, har regjeringa gjort framlegg om at alle i Hordaland og Trøndelagsfylka også skal få nytte tilbodet.
 
- Eg er nøgd med at stadig fleire utleigarar og leigetakarar får glede av Husleietvistutvalget. Det er eit godt verkty når partane ikkje blir samde om til dømes husleige, oppseiing av kontraktar og frigjeving av depositum. Det er eit godt, raskt og rimeleg alternativ til rettssak, seier Navarsete.