Historisk arkiv

Feirar 50 år med distriktspolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg er overtydd om at ei god framtid for Noreg heng nøye saman med at me framleis kan sikre god balanse mellom landsdelane og evne å hauste av naturlege og menneskelege ressursar over alt, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete da ho tysdag opna konferanse Kunsten å byggje landet.

 - Eg er overtydd om at ei god framtid for Noreg heng nøye saman med at me framleis kan sikre god balanse mellom landsdelane og evne å hauste av naturlege og menneskelege ressursar over alt, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete da ho tysdag opna konferanse Kunsten å byggje landet.
 
Konferansen markerer at det er 50 år sidan Stortinget vedtok å etablere Distriktenes Utbyggingsfond.

- Den samansette, underlege geografien vår må ha sitt motstykkje i variert folkesetnad og næringsstruktur, sa Navarsete.
 
Evig område
Ho minna om at distrikts- og regionalpolitikken høyrer til dei evige områda i norsk politikk.

- Omgrepet har kanskje ikkje alltid vore nytta, men politikarar har til alle tider vore opptekne av korleis landet skal bli halde i hevd, kor makt og avgjerder høyrer heime og korleis fordeling av gode skal finne stad, sa Navarsete.
 
Ho peika på at Noreg no har dei beste flyttetala på 50 år.

- Mange fleire norske distriktskommunar opplever folketalsvekst – mest på grunn av innvandrarar, men òg på grunn av høgare fødselstal. Dette er ein unik sjanse til å få glede av nye innbyggjarar. Inkludering og mangfald er kjernepunkt framover og det er eit ansvar som kviler både på kvar enkelt av oss, men òg på offentlege og private initiativ, sa Navarsete.
 
Samferdsel, kunnskap
Ho trakk fram vidare satsing på samferdsle, inkludert meir effektive breiband, entreprenørskap og dei regionale kunnskapsnava som nokre av dei viktige satsingsområde framover.
 
Navarsete minna om at mange menneske kan tenkje seg å bu utanfor pressområda.

- Mange fleire skal få mulegheit til å leve ut draumen sin. Det er det ein moderne distriktspolitikk handlar om. Her må store og små lokalsamfunn kjenne si besøkelsestid. Dra i lass og tenk regionalt – krigen mellom lokale nessekongar må bli historie, sa Navarsete.

- Eg er overtydd om at Noreg treng meir distrikts- og regionalpolitikk i åra som kjem, sa Navarsete.