Historisk arkiv

Fleire kommunar med vekst i folketalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Det var 10 fleire kommunar med vekst i folketalet i 2010 samanlikna med 2009. Tala syner vekst i folketalet i 310 av dei 430 kommunane i landet i 2010.

Det var 10 fleire kommunar med vekst i folketalet i 2010 samanlikna med 2009. Tala syner vekst i folketalet i 310 av dei 430 kommunane i landet i 2010.

For dei minst sentrale kommunane i landet syner tala vekst i 97 av 177 kommunar. Dette er ein auke på 8 kommunar i høve til 2009. Samla sett vert det vekst i folketalet i alle strok av landet. Innvandringa står for to tredjedelar av veksten.

- Innvandrarane er ei ressurs for Noreg. Eg gler meg over at innvandringa kjem i heile landet, frå storby til småsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Sjølv om trenden no er positiv mange stader i landet trengst det framleis ein langsiktig og kraftfull innsats for at folk skal få reell valfridom til å busetje seg der dei vil. - Gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift, styrka kommuneøkonomi og betra samferdsletilbod har mykje å sei for at folk skal få reell valfridom til å busetje seg der dei vil, seier Navarsete.

I løpet av 2010 auka folketalet i Norge med 62.106 personer. Ved inngangen til det nye året var folketalet på 4.920.305 personer.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.