Historisk arkiv

Imponert over satsing på kvinner og lokaldemokrati

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Temaet for statsråd Liv Signe Navarsete si reise til India er blant anna arbeidet med å få fleire kvinner med i lokalpolitikken.

Temaet for statsråd Liv Signe Navarsete si reise til India er blant anna arbeidet med å få fleire kvinner med i lokalpolitikken.

- Det er imponerande å høyre korleis dei evner å byggje opp kvinner til å ta aktiv del i utviklinga av samfunnet, lokalpolitikken og til å bli leiarar, seier Navarsete.

Onsdag besøkte kommunal- og regionalministeren APRAD-senteret i Hyderabad i delstaten Andhra Pradesh i India, der ho avduka ei byste av Gandhi.

APARD er eit institutt som utdannar og trener folkevalde i India. Instituttet utdannar fleire hundre tusen kvinner. Kvinnene lærer om rettar og får trening i å fremje synspunkt og delta i debattar.

India har over tre millionar folkevalde. Dei har ei lov om kvotering av minst 33 prosent kvinner i lokalpolitikken. No har regjeringa foreslått å auke delen til 50 prosent. Det betyr at over ein million kvinner skal inn i lokalpolitikken.

Fleire delstatar skal i løpet av dei neste månadene halde lokale val.

Liv Signe Navarsete avduka ein byste av Gandhi då ho vitja APRAD,
eit institutt som utdannar og trener folkevalde i India.