Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Sei di meining om kommunelova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Kommunelova er 20 år. No skal vi kartleggje om lova fungerar på ein god måte og er tilpassa dagens kommunar. Eg lanserer ei innspelside på nett, som eg vonar vil gje gode svar, seier Navarsete.

- Kommunelova er 20 år. No skal vi kartleggje om lova fungerar på ein god måte og er tilpassa dagens kommunar. Eg lanserer ei innspelside på nett, som eg vonar vil gje gode svar, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet inviterer alle brukarar av lova til å kome med innspel på regjeringa.no. Det er mogleg å gje innspel til 5. november.

- Det er viktig for meg at lova fungerer godt for kommunesektoren. Difor vil eg ha innspel både på det som er regulert i lova og om det som eventuelt burde vere regulert.  Då kan departementet vurdere om vi bør revidere lova, seier Navarsete.

Statsråden oppmodar både folkevalde, tilsette i kommunane, innbyggjarar og representantar frå interesseorganisasjonar til å kome med idear og forslag.

Kommunal- og regionaldepartementet publiserer samstundes ei artikkelsamling (pdf), der framståande forskarar gjev sitt syn på lova.

Til toppen