Historisk arkiv

Stor interesse for Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Målet med det nye verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar er å auke verdiskaping og næringsutvikling i avgrensa landskaps- og identitetsområde i Noreg med særskilte natur- og kulturverdiar. Dette skal gjerast gjennom berekraftig bruk av natur- og kulturverdiane som ressurs. Verdiskaping vil i denne samanheng vere både sosial, kulturell, miljømessig og økonomisk verdiskaping.

Dei søknadane som har kome inn er varierte i innhald og størrelse, og dekker eit stort geografisk område. Sakshansaminga er no i gong.