Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2008

500 millionar kroner meir til ressurskrevjande tenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2008 å styrkja av tilskotsordninga for ressurskrevjande tenester med om lag 500 millionar kroner. – Ei føreseieleg ordning er no på plass, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2008 å styrkja av tilskotsordninga for ressurskrevjande tenester med om lag 500 millionar kroner. – Ei føreseieleg ordning er no på plass, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Eg er svært nøgd med at ordninga no vert føreseieleg for kommunane og enklare å forstå både for kommunane og tenestemottakarane. Det beste er likevel at ordninga også vert tilført 500 nye millionar kroner, seier statsråden.

I statsbudsjettet for 2008 føreslår regjeringa å dekka 85 prosent av kommunane sine utgifter utover 800 000 kroner per tenestemottakar. I budsjettet for 2007 er den tilsvarande kompensasjonsgraden 70 prosent.

- Når ordninga no vert forbetra både med pengar og innhald, vil det ikkje minst gleda tenestemottakarane og deira pårørande. Kommunane kan no i større grad enn tidlegare leggja til rette for eit tilpassa tilbod. Tenestemottakaren slepp no å vera på jakt etter kommunar som kan gje eit godt tilbod, slik vi har høyrt om i media dei siste åra, seier Magnhild Meltveit Kleppa.  

Modellen vert også enklare ved at staten kompenserer ein fast del av kommunane sine utgifter utover innslagspunktet. I dag varierer denne delen. Det vert enklare for kommunane å budsjettera med kva utgifter dei vil få dekka frå staten.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen