Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2008

KRD satsar kraftig på kvinner i distrikts- og regionalpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa lanserer ei storsatsing på kvinner. - Vi vil utarbeida måltal for kvinnedelen i programma til Innovasjon Noreg, SIVA og Noregs forskingsråd. Innan 2013 skal 40 prosent av midlane gå til kvinner, seier statsråden.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa lanserer ei storsatsing på kvinner. - Vi vil utarbeida måltal for kvinnedelen i programma til Innovasjon Noreg, SIVA og Noregs forskingsråd. Innan 2013 skal 40 prosent av midlane gå til kvinner, seier statsråden.

Departementet forsterkar satsinga på kvinnelige etablerarar til 16,5 millionar kroner i 2008.
- Kvinner er viktige bidragsytarar både til auka verdiskaping og for å halda på busettinga i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Vi vil difor auka deltakinga frå kvinner i alle tiltak og program i regi av Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet. Dette vert eit kraftig løft for å auka delen kvinnelige etablerarar, seier statsråden.

Undersøkingar viser at både unge og kvinner er positive til å etablera eigne verksemder, men at dei av ulike grunnar ikkje realiserer ideane sine.
- Vi arbeider derfor for å få fleire til å etablera verksemd. Regjeringa satsar breitt på mobiliserande tiltak heilt frå barnehage og skule, til å styrkja kompetanse- og kapitaltilgang for vekstføretak, som kan bli internasjonalt konkurransedyktige, seier Kleppa.

I tillegg legg regjeringa opp til å betra trygdeordningane til sjølvstendig næringsdrivande over Barne- og familiedepartementet sitt budsjett.
- Eg er stolt over å vera ein del av ei regjering som verkeleg satsar på kvinner, seier Kleppa.

Tiltak i 2008 over KRDs budsjett:

  • Ei ny driftstøtteordning for små nyetablerte vekstføretak. Kvinner skal vera ei prioritert målgruppe.
  • Eigne program særleg retta mot kvinner gjennom Innovasjon Noreg. I tillegg kjem ei auka satsing på kvinner innanfor program som VRI (Virkemiddel for regional innovasjon) i Forskingsrådet og Inkubatorprogrammet til SIVA.
  • Måltal for prosentdelen kvinner i nokre utvalde tiltak som inkubatorstipendet, FRAM- programmet og ungdomssatsinga til Innovasjon Noreg i 2008.
  • Måltal for prosentdelen kvinner i alle program frå 2009 med sikte på at innan 2013 skal 40 prosent av midlane til Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet frå KRDs budsjett gå til kvinner.
  • KRD vil oppmoda fylkeskommunane til i større grad å prioritera kvinner og unge som eiga målgruppe.
  • Styrkja den strategiske kompetansen til unge etablerarar ved å oppretta mentorordningar i regi av Innovasjon Noreg.

Svangerskapspengar og foreldrepengar for sjølvstendig næringsdrivande

  • Svangerskaps- og foreldrepengar vert frå 1. juli 2008 dekte med 100 prosent (inntil 6G) frå folketrygda. Sjølvstendig næringsdrivande får no like rettar som tilsette i samband med fødslar og foreldrepermisjon. Dette viktige grepet vil medverka til auka tryggleik og redusert risiko for unge etablerarar. Målet er å leggja til rette for at sjølvstendig næringsdrivande, både kvinner og menn, kan kombinera næringsaktivitet og barneomsorg.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.