Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2008

Regjeringa arbeider for å avskaffa bustadløyse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa ønskjer å avskaffa bustadløyse. - Det er eit viktig mål, og vi skal halda fram med dette arbeidet med full styrke i 2008, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa ønskjer å avskaffa bustadløyse. - Det er eit viktig mål, og vi skal halda fram med dette arbeidet med full styrke i 2008, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Den treårige nasjonale strategien for å førebyggja og avskaffa bustadløyse "På veg til eigen bustad" gjeld ut året 2007. I løpet av strategiperioden er det oppnådd auka forståing og kompetanse om bustadløyse, det er utvikla nye bustadløysingar og det er oppnådd gode resultat på einskilde område.
- Talet på utkastingar er redusert med 29 prosent frå 2004 til 2007. Resultatet kjem som følgje av at kommunane har sett i verk effektive, førebyggjande tiltak som til dømes aktiv oppfølging over lengre tid ved misleghald, seier Kleppa.

Arbeidet med å førebyggja og avskaffa bustadløyse skal halda fram med full styrke i 2008. Tiltak som fører til at resultatmåla i strategien vert nådd, skal ha førsteprioritet innanfor Husbanken sine låne- og tilskotsordningar. Bustønad, bustadtilskot, startlån og kompetansetilskot er viktige ordningar i kommunane sitt arbeid med å skaffa bustader til sine vanskelegstilte på bustadmarknaden.

- Kommunane er dei viktigaste gjennomførarane av strategien. Regjeringa og KS er difor i ferd med å inngå ein ny samarbeids¬avtale om bustadsosialt arbeid som skal gjelda frå 1. januar 2008, seier Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen