Forsida

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009

100 millionar kroner til reiseliv og arktisk teknologi i Nord-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa løyver 100 millionar kroner i 2009 for å utvikla innovasjonsevna i Nord-Noreg. Midlane skal prioriterast til fylkesovergripande satsingar innan reiseliv og arktisk teknologi. Dette må òg sjåast i samanheng med dei 900 millionane til regional utvikling i fylkeskommunane i Nordland, Troms og Finnmark for 2009, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa løyver 100 millionar kroner i 2009 for å utvikla innovasjonsevna i Nord-Noreg. Midlane skal prioriterast til fylkesovergripande satsingar innan reiseliv og arktisk teknologi. Dette må òg sjåast i samanheng med dei 900 millionane til regional utvikling i fylkeskommunane i Nordland, Troms og Finnmark for 2009, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Auka verdiskaping på land er ein sentral del av regjeringa sin nordområdestrategi. Arbeidet er retta mot fysisk infrastruktur, kompetansebygging, næringsutvikling og aust–vest-samarbeid, med vekt på reiseliv og arktisk teknologi.

50 millionar kroner til reiseliv i 2009.
- Innan reiseliv er det mellom anna eit sentralt mål å oppretta eit selskap for felles profilering av landsdelen. Eg avventar avgjerda som dei nordnorske fylka tek, før endeleg avgjerd om bruk av midlane, seier Kleppa.

35 millionar kroner til ei strategisk satsing på kunnskapsretta infrastruktur i 2009.
- Vi treng meir samarbeid om kunnskaps- og næringsutvikling mellom dei tre nordlegaste fylka. Derfor prioriterer vi ei strategisk satsing på kunnskapsretta infrastruktur i regi av Forskingsrådet, seier Kleppa. Satsinga skal omfatta samarbeid og bygging av kunnskap mellom universitets-, høgskule- og forskingsmiljø om næringsutvikling innan reiseliv og arktisk teknologi i Nord-Noreg.

15 millionar kroner går til samarbeidssatsingar mellom FoU og næringsliv.
Det vert sett av midlar til næringsretta satsingar gjennom Innovasjon Noreg, Forskningsrådet og SIVA. Midlane skal støtta opp under den strategiske satsinga for å styrkja forskings-, universitets- og høgskulemiljøa.

Desse satsingane i Kommunal- og regionaldepartementet i 2009 inngår som ein del av regjeringa sin viktige nordområdestrategi, der ei rekkje tiltak frå ulike departement støttar opp under kvarandre, seier statsråd Kleppa.

Lenke til Nordområdeportalen.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.