Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009

Eit løft for den sosiale bustadpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

–Eg er svært nøgd med at regjeringa i dette budsjettet legg fram forslag om eit bustadsosialt løft, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

–Eg er svært nøgd med at regjeringa i dette budsjettet legg fram forslag om eit bustadsosialt løft, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I framlegget til statsbudsjett for 2009, foreslår regjeringa ei ny utvida bustøtte. Mange med låg inntekt og høge buutgifter får ikkje bustøtte i dag fordi reglane er for strenge. Etter at nytt regelverk blir innført, vil alle, unntatt studentar og militære, kunne få bustøtte viss dei fyllar krava til behovsprøving. Regelverksendringa inneber at om lag 50 000 nye hushald med låg inntekt får redusert buutgiftene sine. Dette kjem i tillegg til dei rundt 100 000 som får støtte i dag. Den nye utvida bustøtta vil gjera at barnefamiliar blir betre ivaretatt enn i tidlegare regelverk, og at om lag 10 000 fleire barnefamiliar kan få bustøtte. Når ordninga er ferdig fasa inn, vil om lag 1 milliard kroner meir årleg gå til vanskelegstilte gjennom bustøtta. Dette betyr at fleire no kan setja nøkkelen i døra inn til sin eigen trygge heim.

- I tillegg til styrka bustøtte er eg oppteken av å skaffa fleire utleigebustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden. I 2009 vert det difor gjeve tilsegn til 1500 utleigebustader. Dette er nær ei dobling av talet frå 2007, seier statsråd Kleppa.

Mange i dag har ein økonomi som ikkje tåler store svingingar i utgiftene. Med den aukande gjeldsgraden, kan utsette grupper få problem med å betala bustadlåna dersom renta aukar. Fastrente over fleire år kan minska den økonomiske risikoen til låntakarane ved at dei veit kva dei skal betala kvar månad. Difor foreslår regjeringa at Husbanken utvidar fastrentetilbodet sitt til også å omfatta 20-års bindingstid. Dette gir den enkelte ein større tryggleik for framtida.

– Bustader til vanskelegstilte er prioritet nummer ein i bustadpolitikken til regjeringa. Vi arbeider aktivt for at fleire vanskelegstilte kan koma inn på bustadmarknaden og behalda bustaden. Framlegget til statsbudsjett for 2009 viser at vi legg opp til ein aktiv og sosial bustadpolitikk, seier kommunal- og regionalminister Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00