Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009

Jamnare fordeling - betre tenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Jamnare fordeling og meir stabile og føreseielege inntekter er målet med regjeringa si omlegging av inntektssystemet for kommunane. – Omlegginga betyr meir likeverdig lokal velferd, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Jamnare fordeling og meir stabile og føreseielege inntekter er målet med regjeringa si omlegging av inntektssystemet for kommunane. – Omlegginga betyr meir likeverdig lokal velferd, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Kommunane har hovudansvaret for grunnleggjande velferdstenester som skule og eldreomsorg. For desse tenestene kan vi ikkje akseptera for store forskjellar mellom kommunar, og heller ikkje for store svingingar i tilbodet over tid, seier Kleppa.

Inntektsskilnader er den viktigaste årsaka til ulike tenestetilbod mellom kommunane. Regjeringa meiner difor at det er behov for jamnare fordeling, og meir stabile og føreseielege inntekter. Inntektssystemet for kommunane er difor lagt om frå 2009. Kommunane får mindre del av inntektene frå skatt, inntektsutjamninga aukar og kommunal selskapsskatt vert avvikla.

I tillegg har kommunar i Nord-Noreg, små kommunar og kommunar innan det distriktspolitiske verkeområdet særskilte utfordringar som regjeringa tek omsyn til.

- Vi endrar dei distriktspolitiske tilskota i inntektssystemet. 63 fleire kommunar i Sør-Noreg får frå neste år distriktstilskot. Slik tek vi meir omsyn til dei kommunane i Sør-Noreg som ligg innanfor det distriktspolitiske verkeområdet, seier Kleppa.

Alle kommunar som har under 3 200 innbyggjarar og låge skatteinntekter, vil få eit småkommunetilskot.

For kommunar med spesielle utfordringar, innfører regjeringa dessutan eit nytt veksttilskot som 39 kommunar får nytte av neste år, eit hovudstadstilskot til Oslo, endringar i bruk av folketal og ei ny overgangsordning i inntektssystemet. I tillegg foreslår regjeringa å utvida skjønnsramma med 100 millionar kroner til inntektssvake kommunar i Sør-Noreg.

Her er lenker til meir informasjon om enkelte tiltak:


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.