Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009

Kommunane får 8,4 milliardar kroner meir i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa legg opp til ein samla realvekst i inntektene til kommunesektoren på 8,4 milliardar kroner i 2009. Av dette er 4,7 milliardar kroner frie inntekter. Kommunane får dermed meir pengar i 2009 enn varsla i kommuneproposisjonen i mai.

Regjeringa legg opp til ein samla realvekst i inntektene til kommunesektoren på 8,4 milliardar kroner i 2009. Av dette er 4,7 milliardar kroner frie inntekter. Kommunane får dermed meir pengar i 2009 enn varsla i kommuneproposisjonen i mai.

- Regjeringa lova ei stor og brei satsing på kommunane. Vi held løfta våre! Frå 2005 til 2009 vert realveksten i inntektene til kommunesektoren over 28 milliardar kroner. Dei samla inntektene for kommunesektoren vil passera 300 milliardar kroner i 2009. Dette er eg svært fornøgd med, for det betyr at folk sin kvardag vert betre, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Ho slår fast at kommunane har nytta inntektsveksten på ein god måte.

Om lag 26 000 fleire barn fekk barnehageplass i 2006 og 2007, og regjeringa legg til rette for at ytterlegare 14 000 barn vil få plass i 2008. Talet på årsverk i den kommunale pleie- og omsorgstenesta auka i 2006 og 2007 med 11 000 etter ein nedgong året før. Regjeringa sitt mål om 10 000 nye årsverk i pleie- og omsorgstenesta frå 2004 til utgangen av 2009 er difor på det næraste realisert.

- Eg er imponert over kva kommunane har fått til. Dei skal bruka kvar krone til det beste for innbyggjarane sine. Det betyr mellom anna at kommunane må få ned sjukefråveret. Dette er ei stor og viktig oppgåve som vil gjera kvardagen lettare for kvar enkelt kommunetilsett – og tenestene betre for innbyggjarane, seier Kleppa.

I Omsorgsplan 2015 vart det varsla eit behov for 12 000 nye årsverk i pleie- og omsorgstenesta i perioden 2008-2015. Veksten i dei frie inntektene i 2009 gir rom for vidare utbygging av kommunale tenester både innan skule og pleie og omsorg.

Regjeringa legg til rette for etablering av 2000 nye barnehageplassar i 2009. Vidare føreslår regjeringa at foreldrebetalinga i barnehagen er nominelt uendra i 2009.

Regjeringa føreslår å etablera ei ny rentekompensasjonsordning for opprusting av skular og symjehallar med ei investeringsramme på to milliardar kroner i 2009. Siktemålet er ei total investeringsramme på 15 milliardar kroner med ein tidsperiode på åtte år. Vidare føreslår regjeringa ei ny investeringsramme på 800 millionar kroner i rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg i 2009.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.