Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009

Regjeringa held lovnaden - 2 milliardar til distriktsløftet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår å overføre i underkant av 2 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlar i 2009, ein auke på 214,5 millionar frå 2008. Under raudgrøn regjering har løyvingane auka med over ein halv milliard kroner. I tillegg kjem løyvinga som kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift. Eit av hovudmåla til regjeringa er at folk skal kunna busetja seg kor dei vil.

Regjeringa foreslår å overføre i underkant av 2 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlar i 2009, ein auke på 214,5 millionar frå 2008. Under raudgrøn regjering har løyvingane auka med over ein halv milliard kroner. I tillegg kjem løyvinga som kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift. Eit av hovudmåla til regjeringa er at folk skal kunna busetja seg kor dei vil.

- Det nyttar å fokusera på moglegheiter i distrikta. Vi i regjeringa kan leggja forholda tilrette, men det er menneska som bur i lokalsamfunna, kommunar og regionar som må utnytta dei ressursane som finst, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa løyver 100 millionar kroner i 2009 for å utvikla innovasjonsevna i Nord-Noreg. Midlane skal prioriterast til fylkesovergripande satsingar innan reiseliv og arktisk teknologi, og er ein del av regjeringa sin nordområdestrategi.

Dei nasjonale tiltaka som regjeringa har sett i verk denne stortingsperioden, må sjåast i samanheng med utviklinga av kommunane som nærings- og samfunnsutviklarar.

Kommunal- og regionaldepartementet aukar løyvinga til kommunale næringsfond med 45 millionar kroner til om lag 145 millionar i 2009. Næringsfonda skal hjelpe nærings-svake kommunar til å bli betre støttespelarar for entreprenørar og lokalt næringsliv.

Småsamfunnssatsinga er ei ekstrasatsing i små, sårbare samfunn med lang avstand til større sentra. Løyvingane går i hovudsak til lokale og regionale utviklingsprosjekt. Regjeringa lova i Soria Moria at det skulle setjast av minst 100 millionar kroner til småsamfunn i perioden fram til 2009. Til no er talet 140 millionar kroner.

Satsinga på entreprenørskap utanfor dei største byane blir ytterlegare forsterka i statsbudsjettet for 2009.

  • NyVekst vart etablert i fjor for å styrkja unge vekstbedrifter dei fyrste leveåra. Ordninga vert auka frå 40 millionar i 2008 til 70 millionar i 2009.
  • Mentorordninga for unge etablerarar skal vidareutviklast. Regjeringa aukar satsinga frå 10 til 13 millionar kroner i 2009.
  • Løyvingane til Ungt Entreprenørskap (UE) blir auka frå seks millionar kroner i 2008 til åtte millionar kroner i 2009. Under den raudgrøne regjeringa er løyvingane til UE meir enn tredobla over KRD sitt budsjett.
  • Arbeidet med entreprenørskap blant kvinner fekk eit stort løft i 2008. KRD vidarefører nivået i 2009 med 32 millionar kroner fordelt på Innovasjon Norge, SIVA og Forskingsrådet.
  • Det vert òg lagt opp til styrkt innsats for VRI-programmet (Verkemiddel for
    regional FoU og innovasjon) og til etablering av fleire Norwegian Centres
    of Expertise i 2009.
  • Det er lagt inn heilårsverknad for Kompetansesenteret for distriktsvikling med 21,5 millionar kroner i 2009.

- Eg er stolt over å vere ein del av ei regjering som verkeleg trur på verdiskaping i Distrikts-Noreg, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

- Siste tal frå SSB syner at det no er fleire distriktskommunar som har auke i folketalet. Ikkje sidan 2000 har så mange utkantkommunar hatt slik vekst. Verkemidla er med og legg til rette for denne utviklinga, seier Kleppa.