Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2010

1,1 milliard meir til Oslo neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår 1,1 milliard kroner i samla nominell vekst i frie inntekter til Oslo neste år. - Det vil styrka det lokale velferdstilbodet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa foreslår 1,1 milliard kroner i samla nominell vekst i frie inntekter til Oslo neste år. - Det vil styrka det lokale velferdstilbodet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Den nominelle veksten i frie inntekter til kommunar og fylkeskommunar skal dekka både prisveksten og den reelle styrkinga av inntektene.

Regjeringa foreslår 8 milliardar kroner i samla realvekst til kommunesektoren i 2010. Av dette er 4,2 milliardar frie inntekter.

- 8 milliardar kroner meir vil gi større høve til å fylgja opp den einskilde eleven, sikra ei meir verdig omsorg og sjå dei barna som treng hjelp frå barnevernet. Kommunane er ulike. Mange slit med underskot. Midlane kjem til å bli brukt ulikt lokalt. 8 milliardar utgjer uansett ein forskjell, seier Kleppa.

Nominell vekst i frie inntekter for Oslo som kommune og  fylkeskommune

Vekst fra RNB

Vekst fra anslag

2009-2010

på regnskap 2009-2010

Anslag på

Nominelle

Prosent

Nominelle

Prosent

frie

kroner

kroner

inntekter

2010

(1 000 kr)

(1 000 kr)

(1 000 kr)

1

2

3

4

5

Fylke

03 Oslo

4 733 317

226 553

5,0

192 999

                       4,3

Kommune

0301 Oslo

19 751 464

867 182

4,6

734 391

                       3,9

Oslo samlet

24 484 781

1 093 735

4,7

   927 390

               3,9

Dei nominelle veksttala for einskildkommunar skal og dekka kostnadsauken frå 2009 til 2010. Denne er berekna til 3,1 prosent. 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.