Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2010

26 millionar kroner til nærbutikkar i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa vil styrkja nærbutikkane i distrikta, og foreslår å løyva 26 millionar kroner til dette arbeidet. 11 millionar kroner skal nyttast til det godt etablerte kompetanseprogrammet MERKUR. I tillegg kjem 15 millionar kroner til meir utviklingsstøtte og ei ny investeringsstøtteordning.

- MERKUR-programmet er eit godt verkemiddel for å heva kvaliteten, sikra viktige tilleggstenester i butikkane og auka lojaliteten til butikken i nærområdet, seier Kleppa.

Gjennom fleire år har Kommunal- og regionaldepartementet finansiert ei utviklingsstøtte til dei mest marginale nærbutikkane i distriktsområde. Støtta til nærbutikkane vert no styrkt ytterlegare med ei eiga investeringsstøtteordning. Slik  skal  det verta lettare for distriktsbutikkar i MERKUR-programmet å få til modernisering og utvikling i butikken.

- Mange daglegvarebutikkar er den siste, viktige møtestaden i mange bygder. Dei er viktige leverandørar av ulike offentlege tenester og tilbod som post og tipping. Det er derfor eit sentralt mål for regjeringa å støtta butikkdrivarane som serviceleverandørar og samfunnsentreprenørar, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen