Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2009

30 millionar kroner til omstilling i Høyanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2009 at Sogn og Fjordane fylkeskommune får 30 millionar kroner til omstillingsarbeidet i Høyanger. Årsaka er at hjørnesteinsverksemda felgprodusenten Fundo Wheels gjekk konkurs tidligare i vinter.

 -Målet med desse midlane er å avhjelpa den vanskelege situasjonen lokalsamfunnet har kome i, og midlane skal bidra til å skapa nye arbeidsplassar, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Om lag 320 personar mista jobben ved konkursen, og medrekna dei indirekte verknadene vil mellom 450 og 500 personar stå utan arbeid.

 -Dette er bakgrunnen for at regjeringa vil løyva økonomiske midlar til Høyanger, seier statsråd Kleppa.

 -Situasjonen er alvorleg både for lokalsamfunnet, og ikkje minst for dei einskilde personane og familiane dette gjeld. Regjeringa vil difor følgja utviklinga i Høyanger nøye, og vurdera behovet for ytterlegare støtte om det er nødvendig, seier Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.