Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2010

8 milliardar kroner meir til kommunane i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår 8 milliardar kroner i samla realvekst til kommunesektoren i 2010. Av dette er 4,2 milliardar frie inntekter.

Regjeringa foreslår 8 milliardar kroner i samla realvekst til kommunesektoren i 2010. Av dette er 4,2 milliardar frie inntekter.

- I kommuneproposisjonen varsla regjeringa 5-6 milliardar kroner meir i samla inntekter. Kommunane får såleis 2 milliardar meir enn varsla, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- 8 milliardar kroner meir vil gi større høve til å fylgja opp den einskilde eleven, sikra ei meir verdig omsorg og sjå dei barna som treng hjelp frå barnevernet. Kommunane er ulike. Mange slit med underskot. Midlane kjem til å bli brukt ulikt lokalt. 8 milliardar utgjer uansett ein forskjell, seier Kleppa.

Av veksten i dei frie inntektene på 4,2 milliardar kroner går 230 millionar kroner til ei styrking av det førebyggjande helsearbeidet i kommunane i samband med samhandlingsreforma. 1 milliard kroner av veksten gjeld fylkeskommunane sitt auka ansvar på samferdselsområdet i samband med forvaltingsreforma.

I tillegg er det rom for 400 nye årsverk innan det kommunale barnevernet, ei styrking av skuletilbodet og oppfølging av Omsorgsplan 2015.

Toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester blir lagt om ved at innslagspunktet blir auka frå 835000 til 865000 kroner og staten sin del over innslagspunktet blir redusert frå 85 til 80 prosent. Fordi fleire personar har kome inn under ordninga og fordi tenestene har blitt dyrare, aukar likevel den samla løyvinga i 2010 med 960 millionar kroner frå saldert budsjett i 2009.

- Regjeringa har sørgt for ein realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter på 40,9 milliardar kroner frå og med 2006 til og med 2010. Desse pengane har kommunane brukt på ein god måte. Resultatet er faktisk 13 nye årsverk i pleie- og omsorg og 35 nye barn i barnehagen kvar dag i perioden 2005 til 2008, seier Kleppa.

- Mange kommunar har framleis ein utfordrande økonomisk situasjon. Høg aktivitetsvekst kombinert med høg kostnadsvekst, høge renteutgifter og tap på finansinvesteringar vart krevjande for mange ein periode, og mange kommunar slit med etterslep frå dette. Inntektene må også aukast framover. Kommunane må sjølve ta ansvar for å bruka pengane sine på best mogeleg måte. Eg har tru på at vi i samarbeid med kommunane skal få til ein robust og berekraftig kommuneøkonomi dei kommande fire åra, seier Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.