Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2010

Auka skatteinntekter til kommunane i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Nye anslag viser at kommunane får auka skatteinntektene sine med 1,2 milliardar kroner i 2009.

Nye anslag viser at kommunane får auka skatteinntektene sine med 1,2 milliardar kroner i 2009.

- Dette er ei gledeleg melding til kommunane. Desse pengane kan kommunane bruka til å konsolidera den økonomiske situasjonen eller til investeringar, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

På bakgrunn av ny informasjon om skatteinngangen er anslaget for kommunesektoren sine skatteinntekter i 2009 auka med om lag 1,2 milliardar kroner, fordelt med om lag 950 millionar kroner til kommunane og om lag 250 millionar kroner til fylkeskommunane.

Den reelle veksten i kommunesektoren sine samla inntekter frå 2008 til 2009 vert på grunnlag av nytt skatteanslag og auka utbetaling til ressurskrevjande tenester rekna til 11,4 milliardar kroner. Veksten i  dei frie inntektene vert no rekna til 6,1 milliardar kroner.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.