Historisk arkiv

”Bygg for framtida”. Ny miljøhandlingsplan for bustad- og byggjesektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Reduserte utslipp av klimagassar, lågare energibruk i bygg, betre inneklima og færre helse- og miljøskadelege verkestoff i bygg er nokre av måla i regjeringas nye miljøhandlingsplan for bustad- og byggjesektoren.

Reduserte utslipp av klimagassar, lågare energibruk i bygg, betre inneklima og færre helse- og miljøskadelege verkestoff i bygg er nokre av måla i regjeringas nye miljøhandlingsplan for bustad- og byggjesektoren.

Planen samanfattar alle miljøtiltaka statlege instansar planlegg i bustad- og byggjesektoren i dei komande fire åra (2009-2012).

- Miljøhandlingsplanen tydeleggjer korleis bustad- og byggjesektoren kan bidra for å nå dei ambisiøse måla i klimaforliket og for at landet kan utviklast i berekraftig retning, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Innan kort tid set statsråd Kleppa ned ei gruppe med representantar frå styresmaktene, næringa og miljøinteresser. - Deira oppgåve blir å utarbeida ein tidsplan for korleis vi kan nå målet om passivhus som standard i 2020. Gruppa vil og bli bedt om å koma med konkrete framlegg om korleis vi i praksis kan auka energieffektiviteten i den eksisterande byggmassen, seier Kleppa.

- Eg set mi lit til at byggjenæringa vil ta utfordringane som ligg i planen. Eg ynskjer å fortsetja samarbeidet slik at vi dei neste fire åra kan gjennomføra den miljødugnaden som er naudsynt i bustad- og byggjesektoren. Eit fyrste skritt på vegen er at vi forlengjer samarbeidsprogrammet ”Byggemiljø” for 2010, seier Kleppa.

”Byggemiljø” er eit gjensidig forpliktande samarbeid om miljøvennlege løysingar mellom statlege styresmakter og bygg-, anlegg- og energiverksemda. Programmet skulle eigentleg berre ha verka frå 2005-2009, men blir no vidareført i 2010.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.