Historisk arkiv

Fleire får meir bustøtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I desember fekk 113 600 husstandar utbetalt bustøtte frå Husbanken. Etter at reglane vart utvida frå 1. juli 2009 har 12 500 nye husstandar kome inn under ordninga. – Det er godt at så mange familiar no får hjelp til dekkje husleiga. Dette gjer kvardagen betre for dei som har det trongt økonomisk og er eit av dei viktigaste fattigdomstiltaka, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Talet på barnefamiliar som no får bustøtte har auka med 33 % og gjennomsnittleg utbetaling har auka frå 2 000 til 2 200 kroner i månaden. Hittil i år er det utbetalt nær 2,5 milliardar kroner i bustøtte, som er 222 mill. kroner meir enn på same tid i fjor. For 2010 er det satt av nær 3,6 milliardar kroner til ordninga.

Det er grunn til å tru at det framleis er enno fleire som kan få bustøtte. - Eg vil difor be alle med låge inntekter og høge buutgifter om å søkje om bustøtte i kommunen der dei bur. Samstundes vil eg oppmode kommunane om å halde fram med det gode arbeidet med informere om dei nye reglane. Bustøtta er viktig i arbeidet mot fattigdom, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00