Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2010

Husleigetvistutval i Bergen og Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Regjeringa ønskjer at det skal vera tilbod om husleigetvistutval i dei store byane. Difor utvidar vi ordninga til også å gjelda Bergen og Trondheim i 2010, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Regjeringa ønskjer at det skal vera tilbod om husleigetvistutval i dei store byane. Difor utvidar vi ordninga til også å gjelda Bergen og Trondheim i 2010, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Husleigetvistutvalet vart oppretta i 2001 som ei prøveordning for Oslo, og vart seinare utvida til òg å omfatta Akershus. Husleigetvistutvalet blei permanent ordning frå 1. januar 2009. Utvalet meklar og treff avgjerder i alle typar tvistar som gjeld leige av bustad i dei kommunane som har husleigetvistutval. Tvisteløysarane i Husleigetvistutvalet er juristar med særskilt kjennskap til husleigerett og konfliktmekling.

Mange unngår ordinær domstolshandsaming som både kan vera tidkrevjande og dyr. I fjor var sakshandsamingstida i Husleigetvistutvalet i snitt 9,5 veker for saker som vart forlikt og 12,5 veker for saker der det vart treft avgjerd. Gebyret for å få ei sak handsama følgjer rettsgebyret, som nå er 860 kroner. - Husleigetvistutvalet er viktig for at tvistar om leige og utleige av bustader skal kunna løysast raskt og rimeleg, seier Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.