Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2010

Ny tilskotsordning for å fremja kunnskap om berekraftige bustader og bygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei ny tilskotsordning for berekraftig bustad- og byggkvalitet får ei tilsegnsramme på 33 millionar kroner i statsbudsjettet for 2010.

Ei ny tilskotsordning for berekraftig bustad- og byggkvalitet får ei tilsegnsramme på 33 millionar kroner i statsbudsjettet for 2010.

- Ordninga vil gje støtte til kompetansebygging, utgreiing og informasjonsformidling om miljøomsyn i bygg, utvikling av lågenergi- og passivhus, universell utforming og god byggjeskikk, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Tilskotsordninga skal medverka til å nå det bustad- og bygningspolitiske hovudmålet om fleire miljøvenlege og universelt utforma bustader og bygg på attraktive stader. Ordninga må sjåast i samanheng med oppfølginga av klimaforliket og oppfølging av ”Bygg for framtida”, regjeringa sin miljøhandlingsplan for bustad- og byggsektoren. Forskings- og utgreiingsmiljø, byggje- og eigedomsnæringa, kommunane og andre sentrale aktørar i bustad- og byggsektoren er målgrupper for ordninga.

Ei særskild tilskotsordning for berekraftig bustad- og byggkvalitet gir høve til å profilera innsatsen på området.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen