Historisk arkiv

Nytt husleigetilskot til leigarar av regulerte bustader i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Når husleigereguleringa av førkrigsbustader blir avvikla ved nyttår, vil ikkje alle bebuarar i slike bustader makta å betala gjengs husleige. Det skal difor opprettast eit nytt husleigetilskot frå 2010 som skal vera behovsprøvd.

Når husleigereguleringa av førkrigsbustader blir avvikla ved nyttår, vil ikkje alle bebuarar i slike bustader makta å betala gjengs husleige. Det skal difor opprettast eit nytt husleigetilskot frå 2010 som skal vera behovsprøvd.

Regjeringa og Oslo kommune går saman om å oppretta eit  tilskott som skal rettast mot personar som er over 67 år eller har budd meir enn 20 år i den regulerte bustaden.

–Eg ynskjer ikkje at eldre personar med svak økonomi skal bli tvinga til å flytta når husleigene aukar, difor har vi laga ei ordning som gjer det mogleg for dei fleste å bli buande, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Vi er samde om behovet for ei skreddarsydd overgangsordning. Eg er glad for at vi har gått saman om finna ei ordning og løyvingar til denne. Oslo kommune skal no sørgja for at dei det gjeld skal få god informasjon om ordninga, seier byrådsleiar Erling Lae i Oslo kommune.

Tilskotet skal etter planen sikra ein sum til livsopphald på om lag 7 000 kr for leigarar som bur åleine og 11 000 kr for par. Tilskotet vil ikkje bli gjeve til dei som har formue over 100 000 kr. Inntekter ved utleige av hybel gjev avkorting i tilskotet på 50 % av leigeinntekta. Det blir ikkje gjeve tilskot for leige over 14 500 kr i månaden. I tillegg blir det foreslått å gje ein kompensasjon for oppvarming på 500 kr i månaden.

Oslo kommune skal administrera ordninga. Innan kort tid blir det oppretta eit byomfattande informasjonskontor i Bydel Frogner.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00