Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2010

Regjeringa held fram den bustadsosiale satsinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I samband med statsbudsjettet får Husbanken ei låneramme på 15 milliardar kroner i 2010. Samstundes vert den nye bustøtta som vart innført 1. juli 2009 fasa vidare inn.

I samband med statsbudsjettet får Husbanken ei låneramme på 15 milliardar kroner i 2010. Samstundes vert den nye bustøtta som vart innført 1. juli 2009 fasa vidare inn.

- Regjeringa held fram innsatsen for å avskaffa bustadsløyse og gje fleire moglegheit til ein trygg heim, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Frå 1. juli 2009 vart det nye regelverket for bustøtta sett i verk. Dei nye reglane gjer at om lag 50 000 nye hushald kan få bustøtte på sikt. Ordninga fasast no gradvis inn, og den samla løyvinga til bustøtte er på 3,5 milliardar kroner i 2010. - Den forbetra bustøtta gjer at fleire vil kunna busetja seg og behalda bustaden sin, anten det er i ein utleigebustad eller ein eigd bustad, seier Kleppa.

Husbanken si utlånsramme går mellom anna til startlån for dei som av ulike grunnar ikkje får nok lån i dei private bankane. Startlånet kan òg gå til å refinansiera eksisterande lån.

For å gjera innsatsen og bruken av ressursar meir målretta, gjer regjeringa framlegg om å dela det tidlegare kompetansetilskotet i to ordningar på to budsjettpostar. Bustadsosialt kompetansetilskot får i 2010 ei tilsegnsramme på om lag 70 millionar kroner, og kompetansetilskotet for berekraftig bustad- og byggkvalitet får ei tilsegnsramme på 33 millionar kroner.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.