Historisk arkiv

Tiltakspakka 26. januar 2009

Tiltakspakka styrkar den sosiale bustadpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa løyver 250 millionar kroner til 1500 nye utleigebustader og aukar låneramma i Husbanken med to milliardar kroner.

Regjeringa løyver 250 millionar kroner til 1500 nye utleigebustader og aukar låneramma i Husbanken med to milliardar kroner.

- Målet er å motvirke auka arbeidsløyse i byggenæringa. Samstundes vil tiltaka gi ei monaleg styrking av den sosiale bustadpolitikken, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Talet på nye utleigebustader doblast
Ei av dei viktigaste hindringane for å nå måla for den sosiale bustadpolitikken er at mange kommunar ikkje har nok utleigebustader. I tillegg er mange av dei eksisterande utleigebustadene i kommunane i dårleg stand. I statsbudsjettet for 2009 ligg det allereie midlar til 1500 utleigebustader. No vert dette talet dobla.

- Eg ventar at kommunane nytter det unike høvet dei no får til å få folk i hus, seier Kleppa.

Auka etterspurnad etter lån frå Husbanken
Både byggjenæringa og kommunane viser no stor interesse for å låne pengar i Husbanken.

- Styrkinga av låneramma i Husbanken med to milliardar kroner medverkar til å sikre byggenæringa finansiering av gode bustadprosjekt, samstundes som vi sikrar at kommunane får tilgang til meir startlån til unge og økonomisk vanskeligstilte, seier Kleppa.

Startlån er eit av dei viktigaste verkemidlane i den sosiale bustadpolitikken, og skal ha førsteprioritet innanfor Husbankens låneramme i 2009.

- Eg vil oppfordre kommunane til å satse på startlån både til etablering og refinansiering for fleire av innbyggjarane sine, seier Kleppa.

Kjem i tillegg til kraftig styrking av bustøtta
Auken i tilskotet til nye utleigebustader og utvidinga av Husbankens låneramme kjem i tillegg til ei betydelig omlegging og styrking av bustøtta frå 1. juli.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.