Historisk arkiv

- Spanande at mange vil bu på mindre stader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Regjeringa gjennomfører ei rekkje tiltak slik at folk kan busetje seg der dei vil, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

-  Regjeringa gjennomfører ei rekkje tiltak slik at folk kan busetje seg der dei vil, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei ny undersøking viser at mange som bur i store byar kan tenkje seg å bu på mindre stader. Til dømes kan nesten fire av ti oslofolk tenkje seg å bu i ein småby, i tettbygd strok eller på eit småbruk. Undersøkinga er gjennomført av Sentio på oppdrag frå Nationen.

- Dette er interessante tal. Samstundes veit eg at mange brikker skal vere på plass for at folk flyttar. Til dømes er arbeid, eit godt lokalsamfunn og bustad viktig, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet har dei siste åra sett i verk fleire nye tiltak som
skal gjere det lettare å flytte til, eller bli verande i distrikta. Fleire av desse handlar om å få fram ny kunnskap.

-  Me har til dømes sett ned eit utval som innan februar skal kome med konkrete forslag til korleis kompetansearbeidsplassar kan bli spreidde over heile landet. Gjennom ei ny satsing på bulyst støttar me prosjekt som testar ut kva som gjer lokalsamfunn meir attraktive, fortel Navarsete.

- Det er òg viktig at distriktskommunane sjølve synleggjer dei gode kvalitetane sine for folk som er i flyttemodus. Derfor jobbar me for å styrke kommunane sin kompetanse innan omdømmearbeid, seier statsråden.


• Nationen 19. juli 2010: Fire av ti oslofolk vil flytte fra byen


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00