Historisk arkiv

12,5 millionar kroner til unge gründerar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

13 høgskular rundt i Noreg får 12,5 millionar kroner for å satse på unge studentgründerar. Ti prosjekt får pengar til å styrkje gründerkulturen og utvikle aktivitetar som hjelper studentane til å lage forretning av gode ideer.

13 høgskular rundt i Noreg får 12,5 millionar kroner for å satse på unge studentgründerar. Ti prosjekt får pengar til å styrkje gründerkulturen og utvikle aktivitetar som hjelper studentane til å lage forretning av gode ideer.

Mange studentar har gode forretningsplanar og mykje pågangsmot. Dei treng hjelp til utvikling av prosjekta mens dei framleis er studentar.

- Vi veit at tilgang til nettverk, det å vere del av eit kunnskapsmiljø, er viktig for at oppstartsbedrifter skal lukkast. Vi vil samarbeide med utdanningsinstitusjonane for å hjelpe til å opne dørene for studentane og skape gode bedrifter av gode ideer, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Høgskular frå Finnmark i nord til Haugesund i vest har fått frå 2,9 millionar til 500 000 kroner kvar. Nokre høgskular har gått saman om felles prosjekt.

- Gjennom denne satsinga hjelper vi fram prosjekt som sikrar verdiskaping i distrikt og byar over heile landet, seier Navarsete.

Skal sparke gründerar i gong
Gründerpub, idékonkurransar, rettleiing av gründerar og arbeid med innovasjonsprosjekt saman med næringsliv er nokre av aktivitetane som no blir sett i gong.

Fleire høgskular har også planar om å etablere studentinkubatorar, der studentgründerane skal få tilbod om kontorplass, kurs og rettleiing, og kjem i eit miljø med næringsliv, investorar og andre gründerar.

Midlane til unge gründerar blir administrerte og fordelte via Innovasjon Noreg. Det er fyrste gong Innovasjon Noreg søkjer samarbeid med universiteta og høgskulane med studentar som målgruppe. Etterspørselen etter midlar har vore stor.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.