Forsida

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011

1,4 milliardar meir til Oslo neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår 1,4 milliardar kroner i vekst i frie inntekter til Oslo kommune og Oslo som fylkeskommune neste år.

Regjeringa foreslår 1,4 milliardar kroner i vekst i frie inntekter til Oslo kommune og Oslo som fylkeskommune neste år.

- Me legg til rette for at kommunane kan byggje ut velferdstenester i takt med befolkningsutviklinga. Slik sikrar me at kommunane har gode høve for å bygge ut skular, barnehagar og pleie- og omsorgstilbod til dei som treng dette, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- I tillegg kjem særskilte satsingar innan barnevern, rehabilitering av skular, symjebasseng, kyrkjer og fylkesvegar, investeringstilskot til sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar og pengar til mellom anna samhandling og rustiltak. Kommunane får meir pengar enn varsla i kommuneproposisjonen, seier Navarsete.

Den nominelle veksten i frie inntekter til kommunar og fylkeskommunar skal dekke både prisveksten og den reelle styrkinga av inntektene.

Tabellen syner fordelinga av dei frie inntektene for Oslo kommune og Oslo som fylkeskommune.

Vekst frå RNB

2010-2011

Anslag på

Nominelle

Prosent

frie

kroner

inntekter

2011

(1 000 kr)

(1 000 kr)

1

2

3

Fylke

03 Oslo

4 542 130

131 934

3,0

Kommune

0301 Oslo

24 735 704

1 276 265

5,4

Oslo samla

29 277 834

1 408 199

4,8

Dei nominelle veksttala for einskildkommunar skal og dekke kostnadsauken frå 2010 til 2011. Denne er berekna til 2,8 prosent.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.