Forsida

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011

Regional utvikling i Akershus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa vidarefører tilskotet til regional utvikling i Akershus i 2011.

Regjeringa vidarefører tilskotet til regional utvikling i Akershus i 2011.

I statsbudsjettet for 2011 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,8 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 80 prosent av desse midlane.

- Me jobbar for verdiskaping, arbeidsplassar, velferd og gode lokalsamfunn der folk bur. Fylkeskommunane er den sentrale pådrivaren i dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.
 
- Regjeringa vil leggje betre til rette for at folk skal kunne starte opp nye bedrifter eller vidareutvikle eksisterande bedrifter. Derfor styrkjer me dei kommunale næringsfonda med 50 millionar kroner i 2011, til 225 millionar kroner, seier Liv Signe Navarsete.

Lenkje

Tilleggsinformasjon

  • 8,4 millionar kroner av løyvinga til Akershus fylkeskommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.