Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011

5,7 milliardar kroner meir til kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår at kommunane får ei reell inntektsauke på 5,7 milliardar kroner neste år.

Regjeringa foreslår at kommunane får ei reell inntektsauke på 5,7 milliardar kroner neste år.

- Me legg til rette for at kommunane kan byggje ut velferdstenester i takt med befolkningsutviklinga. Slik sikrar me at kommunane har gode høve for å bygge ut skular, barnehagar og pleie- og omsorgstilbod til dei som treng dette, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- I tillegg kjem særskilte satsingar innan barnevern, rehabilitering av skular, symjebasseng, kyrkjer og fylkesvegar, investeringstilskot til sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar og pengar til mellom anna samhandling og rustiltak. Kommunane får meir pengar enn varsla i kommuneproposisjonen, seier Navarsete.

Av inntektsveksten på 5,7 milliardar kroner, kjem 2,75 milliardar som frie inntekter. Desse dekkjer dei meirutgiftene kommunane har som følgje av befolkningsutviklinga.

- Ein sterk og sunn kommuneøkonomi er ein føresetnad for gode velferdstilbod over heile landet. Regjeringa har allereie gitt kommunane eit betydeleg økonomisk løft denne perioden. No kuttar mange europeiske land i sine offentlege budsjett. Eg er glad vi trass i vanskelegare økonomiske tider kan fortsette satsinga på gode velferdstenester, seier Navarsete.

Ho visar til at auken i sysselsetjinga i kommunane har vore svært stor under denne regjeringa.

- Norske kommunar har fått om lag 70.000 fleire tilsette i perioden frå første halvår 2005 til første halvår 2010. Fleire hender og fleire hovud betyr fleire og betre velferdstenester til innbyggjarane, seier Navarsete.

Regjeringa følgjer dessutan opp forslaget til nytt inntektssystem for kommunane som blei presentert i kommuneproposisjonen.

- Det nye inntektssystemet betyr ein meir rettferdig fordeling av inntektene kommunane i mellom, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.