Historisk arkiv

Ekstra skjønnsmidlar til Hattfjelldal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Hattfjelldal får 5 millionar kroner i ekstraordinære skjønnsmidlar i 2010.

Hattfjelldal får 5 millionar kroner i ekstraordinære skjønnsmidlar i 2010.

Hattfjelldal gjekk på store tap i den såkalla Terra-saka.

- Hattfjelldal står saman med nokre av dei andre kommunane som var involverte i saka, føre nokre heilt spesielle utfordringar. Men kommunen har vist at dei tek ansvar. Pengane er gjevne med bakgrunn i dei økonomiske utfordringane og korleis dei har handtert ein særs krevjande situasjon, seier statssekretær Hege Solbakken i Kommunal- og regionaldepartementet.

Midlane skal gå med til å dekke inn kommunen sitt underskot.

- Fylkesmannen vurderer fortløpande den økonomiske situasjonen og tenestetilbodet til kommunen og deira arbeid med å dekke inn underskotet. Vi har følgd anbefalingane frå fylkesmannen.

Hattfjelldal har tidlegare motteke 8 millionar i ekstraordinære skjønnsmidlar frå staten i etterkant av den såkalla Terra-saka. Blant dei andre involverte kommunane har Vik, Bremanger og Narvik motteke ekstraordinære skjønnsmidlar frå staten. I tillegg har alle dei fire kommunane fått dispensasjon til å dekke inn underskotet over ein lengre periode.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00