Historisk arkiv

Kven blir årets nynorskkommune 2010?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg veit at mange kommunar arbeider for å styrkje nynorsken og brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Meld din kommune på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2010, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Eg veit at mange kommunar arbeider for å styrkje nynorsken og brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Meld din kommune på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2010, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statsråden vil i haust dele ut prisen på 100 000 kroner til årets nynorskkommune. Ho ynskjer seg ein vinnar som kan vere eit førebilete for andre nynorskkommunar.

- Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som formell målform og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein særskild innsats for å fremje nynorsk som skriftmål. Eg vonar mange nynorskkommunar melder seg og er med i konkurransen, seier Navarsete.

Kriteria er utarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Stord kommune vann prisen då den blei delt ut for aller fyrste gong i fjor.

Dei som kan søkje om å få prisen er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
  • aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
  • god målbruk blant tilsette
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Jury som ut frå desse kriteria skal velje ein vinnar, består av:

  • Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK)
  • Gunn Berit Gjerde, fylkestingsrepresentant (V) i Møre og Romsdal
  • Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser (LLA)
  • Sigfrid Tvitekkja, Språkrådet
  • Eli Johanne Lundemo, Kommunal- og regionaldepartementet.

Prisen blir delt ut i løpet av november 2010.

Søknadsfristen er 10. oktober 2010. Det er kommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen.

Merk søknaden "årets nynorskkommune" og send til postmottak@krd.dep.no eller
Kommunal- og regionaldepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo.

Kontaktpersonar i Kommunal- og regionaldepartementet:

  • Sissel Watz, tlf. 22 24 68 66
  • Eli Johanne Lundemo, tlf. 22 24 72 62.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

-

(Pressemeldinga er oppdatert 30.09.10 ny søknadsfrist.)