Forsida

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011

Meir bustøtte til barnefamiliane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I statsbudsjettet for 2011 gjer regjeringa framlegg om å styrkje bustøtta for barnefamiliane. Det blir gjort ved å auke grensa for buutgiftene for husstandar med fleire medlemmer.

I statsbudsjettet for 2011 gjer regjeringa framlegg om å styrkje bustøtta for barnefamiliane. Det blir gjort ved å auke grensa for buutgiftene for husstandar med fleire medlemmer.

– Eg er særs nøgd med framlegget om at barnefamiliar med høge buutgifter skal få meir bustøtte. Denne gruppa er høgt prioritert i regjeringa sin kamp mot fattigdom, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Grensa for buutgifter aukar med talet på familiemedlemmer. Ein familie på to kan få auka buutgiftsgrensa med 1500 kroner årleg. Ein familie på fem eller fleire vil få ein auke av buutgiftsgrensa på 9000 kroner. I tillegg blir det gjort framlegg om å auke buutgiftsgrensa for alle som bur i Oslo med 2000 kroner. Samstundes aukar eigendelen for alle husstandar med 1600 kroner.

Regelverket for bustøtta blei lagt om i fjor. I snitt får mottakarane no utbetalt 2200 kroner. Det er om lag 8 prosent meir enn før omlegginga. Totalt får meir enn 125 000 husstandar bustøtte kvar månad. Det er 15 prosent fleire enn før omlegginga.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 3,83 milliardar kroner til bustøtte i 2011. Det er om lag 238 millionar meir enn i 2010.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.