Historisk arkiv

Meir openheit i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Openheit er avgjerande for at kommunesektoren skal ha tillit hjå innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. - No styrkjer vi reglane om møteoffentlegheit.

- Openheit er avgjerande for at kommunesektoren skal ha tillit hjå innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. - No styrkjer vi reglane om møteoffentlegheit.

- Me ynskjer ein kommunal sektor bygd på tillit, fellesskap og deltaking. Dei nye reglane skal i enda betre grad leggje til rette for dette, seier statsråden om stortingsproposisjonen som blir lagt fram i dag.

Regjeringa føreslår mellom anna at det ikkje lenger skal vere muleg å lukke møte når formannsskapet handsamar og gjer innstilling til årsbudsjettet.

- Slik eg ser det, bør ålmenta kunne oververe møte, òg når andre kommunale organ enn kommunestyret diskuterer årsbudsjettet. Årsbudsjettet er kommunen si viktigaste sak, og ålmenta bør ha fullt innsyn i korleis politikarane ønskjer å disponera fellesskapet sine verdiar, påpeiker Navarsete.

Ho slår fast at det at lokalpolitikarane er medvitne og har gode haldningar, er grunnleggjande viktig for å sikre at innbyggjarane får innsyn i politiske prosessar.

- Eit endå betre regelverk vil dessutan styrke dette, seier Navarsete.

I lovforslaget er det også gjort ei systematisk gjennomgang av kommunelova sine reglar om møteoffentlegheit. Departementet kjenner til at kommunane i dag ikkje alltid er trygge på korleis reglane om møteoffentlegheit skal praktiserast.

- Det er eit mål at dei nye reglane om møteoffentlegheit skal vere presise og enklare å bruke, seier kommunalministeren. - Når reglane blir betre, vil også føremålet med reglane om møteoffentlegheit bli betre ivareteke.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.