Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Noreg i Europa-toppen i energikrav til bygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Noreg har nokre av dei strengaste energikrava til bygg i Europa. Det syner ein fersk rapport SINTEF Byggforsk har laga på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Noreg har nokre av dei strengaste energikrava til bygg i Europa. Det syner ein fersk rapport  SINTEF Byggforsk har laga på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Sjølv om Noreg er mellom dei som har dei strengaste krava, er kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete klar for å stramme inn endå meir.

- Byggjereglane våre er utforma slik at bygga i seg sjølve truleg er meir energieffektive enn i dei fleste andre land. SINTEF-rapporten tyder på at måten vi stiller krav på kan vere føremålstenleg og gjere det godt muleg å få til passivhus som standard før 2020, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Ulike land stiller energikrav på ulike måtar. Difor er direkte samanlikning over landegrensene vanskeleg. I følgje SINTEF-rapporten er det likevel klart at dei skandinaviske landa og Nederland har dei strengaste energikrava. Dei norske forskriftene skil seg ut ved at dei stiller krav til lågt varmetap gjennom dei ytre konstruksjonsdelane. Reglane om dette varierer meir i andre land og kan vere mindre strenge for nokre bygg. 

I rapporten har SINTEF samanlikna byggjeforskriftene som gjeld i dei ulike landa nett no. Som følgje av EU sitt byggenergidirektiv, vurderer dei fleste landa i Europa å trappe opp krava til energieffektivisering, men det er berre Danmark, Storbritannia, Nederland og Tyskland som så langt har vedteke planar for trinnvis innstramming fram mot 2020.

-Eg ser fram til at arbeidsgruppa for energieffektivisering i bygg skal kome med ei tilråding om korleis me skal gjere det same i Noreg, seier Narvasete.

Eli Arnstad leiar gruppa som skal leggje fram ein rapport innan 1. juli 2010.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen