Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Radonsperre kan førebyggje kreft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Kvart år medverkar radon til at om lag 300 døyr av lungekreft i Noreg. Nye byggjereglar skal skåne folk frå den helseskadeleg radongassen, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Kvart år medverkar radon til at om lag 300 døyr av lungekreft i Noreg. Nye byggjereglar skal skåne folk frå den helseskadeleg radongassen, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Frå 1. juli gjeld ny plan- og bygningslov og nye byggjeforskrifter. Då vert det obligatorisk med radonsperre i nye bygningar der menneske oppheld seg. Det vil mellom anna gjelde nye skular, barnehagar, kontorbygg og bustader.

- Radon er vanlegaste årsaka til lungekreft etter røyking. Radonsperre er eit enkelt og rimeleg tiltak som vil gje færre tilfelle av lungekreft. Det er ei god forsikring mot alvorlege helseskadar, seier Navarsete.
For ein einebustad på 100 m² kostar ei radonsperre om lag 17 000 kroner.  Saman med Sverige og Finland, er Noreg mellom dei landa i verda som har høgst konsentrasjon av radon i innelufta. Det skuldast geologiske tilhøve og kjølig klima.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen