Historisk arkiv

Juryen si grunngjeving

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Juryen seier i grunngjevinga si for å gje prisen til Seljord kommune:

Juryen seier i grunngjevinga si for å gje prisen til Seljord kommune:

”Gjennom språket blir vi forma som menneske. Difor er det svært hyggjeleg for juryen å utnemne Seljord kommune til årets nynorskkommune, ein liten kommune som er i tet nasjonalt når det gjeld språkarbeid med og for dei små.  Arbeidet med å gjere barnehageungar til kulturberarar for lokal kultur og språk og å auke medvitet deira om språklege skilnader gjer Seljord kommune til ikkje berre eit føredøme for nynorskkommunar, men eit døme på framifrå språkpedagogisk tenking.”

Kriteria for å kunne søkje om å få prisen var nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
  • aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
  • god målbruk blant tilsette
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.