Historisk arkiv

1 450 000 kroner i Bulystmidlar til prosjektet Ski heile året i Voss, Jondal og Odda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse prosjekta ligg i Voss, Jondal og Odda i Hordaland, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse prosjekta ligg i Voss, Jondal og Odda i Hordaland, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Prosjektet ”Ski heile året” tek utgangspunkt i ei satsing på skiturisme heile året, som ein drivar for bulyst i distriktskommunane Voss, Jondal og Odda i Hordaland. Prosjektet er eit interessant samarbeid på tvers av etablerte destinasjons- og kommunegrenser. Ved å lage eit breiare aktivitetstilbod, blir stadene meir attraktive både for turistar og eigne innbyggjarar.

- Eg gler meg til å sjå kva resultat de klarar å få til i dette viktige prosjektet, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.