Historisk arkiv

1,3 millionar kroner til integreringsarbeid i Lyngdal kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Vest-Agder, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Vest-Agder, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulyst-prosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt særleg vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Prosjektet ”Lyngdal for alle” går rett i kjernen på bulystsatsinga. Integrering og inkludering av innvandrarar til Noreg er eit viktig felt i distrikts- og regionalpolitikken i åra framover. Ein stor del av folkeveksten i Noreg er knytt til innvandring. Det er difor ei prioritert oppgåve å få fleire innvandrarar til å busette seg meir varig i distrikta. For å lykkast er det heilt avgjerande at innvandrar vert integrert i lokalmiljøet, gjennom språkopplæring, skule, barnehage, arbeid og fritidstilbod.

- Lyngdal kommune har fleire spennande strategiar og tiltak for å møte desse utfordringane. Kommunal- og regionaldepartementet vil derfor støtte arbeidet som skal gjennomførast i Lyngdal. Ambisjonen er at andre kommunar og regionar og kan lære av Lyngdal kommune, seier statsråd Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.