Historisk arkiv

1,9 millionar kroner i Bulystmidlar til møteplass for fjellsport og ekstremsport i Sogndal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 1.9 million kroner i støtte ligg i Sogndal, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 1.9 million kroner i støtte ligg i Sogndal, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.


- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i behandlinga av søknadar.

I prosjektet Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport skal selskapet Bratt Moro AS skape ein stad der fjellsportinteresserte kan møtast. Delmål i prosjektet er å leggje til rette for infrastruktur som opnar fjellheimen for fleire grupper, og å gjere lokal kunnskap om fjellsport tilgjengeleg for folk flest. Bratt Moro ser auka bulyst, nye arbeidsplassar og auka attraktivitet for området som forventa effektar av satsinga.

- Prosjektet byggjer vidare på eit godt grunnlag som er lagt i Sogn når det gjeld å bygge miljø, og nytte fjellsport til å skape omdømme og næring for regionen. Å satse på fjellsport og ekstremsport kan styrke stolteit og gje attraktive arbeidsplassar til i Sogn, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.