Historisk arkiv

2 millionar kroner i Bulystmidlar til omdømmeprosjekt i Valdres

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Valdres, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Valdres, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader. Distriktssenteret vil ha ei viktig rolle i oppfølginga av bulystsatsinga, både når det gjeld formidling og erfaringsoverføring frå arbeidet.

”Den røde tråd frå barn til vaksen” er eit regionalt omdømmeprosjekt kor dei 6 kommunane i Valdres samarbeider. Målsettingen er å skape en felles Valdres - identitet og å utvikle gründeregenskaper hos barna i Valdres. Prosjektet skal bidra til å styrke den lokale tilhørigheten hos barn og unge og legge til rette for ungdom som vil flytte tilbake til Valdres etter endt utdanning. 

- Dette er eit utfordrande arbeid og eg gleder meg til å sjå kva resultat det vil gi i løpet av prosjektperioden, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.