Historisk arkiv

2,5 milliardar meir til kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunane får 2,5 milliardar kroner meir i tilskot til utbygging av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Av desse går om lag 730 millionar kroner til 166 kommunar for utbyggingar dei allereie er i gang eller ferdige med. – Dette er pengar som skal gå til auka velferd, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Kommunane får 2,5 milliardar kroner meir i tilskot til utbygging av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.  Av desse går  om lag 730 millionar kroner til 166 kommunar for utbyggingar dei allereie er i gang eller ferdige med. – Dette er pengar som skal gå til auka velferd, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

For å sikre målet om 12 000 nye heildøgns omsorgsplassar innan 2015, aukar regjeringa det statlege investeringstilskotet med totalt 2,5 milliardar kroner og styrkjer mulegheita for samarbeid med bustadbyggjelag og andre private ved utbygging av sjukeheimar og heildøgns omsorgsplassar.

- Slik får kommunane større spelerom i arbeidet med å få på plass eit framtidsretta omsorgstilbod. Dette handlar om at kvar og ein av oss ønskjer ein trygg og god alderdom – som er tilrettelagd etter dei behova kvar enkelt av oss har, seier Navarsete.

Auken i investeringstilskotet får tilbakeverkande kraft og dei kommunane som allereie har fått tilsegn om investeringstilskot, får auka tilskotet utan å måtte sende ny søknad til Husbanken.

- Kommunar som allereie har bygd eller er i gang med å byggje ut omsorgsplassar, skal ikkje kome dårlegare ut. Endringane vi foreslår betyr ei ekstra ”gåvepakke” på om lag 730 millionar kroner til dei kommunane som har bygd ut plassar siden oppstart av ordninga i 2008. Det kjem godt med når kommunane skal sikre innbyggjarane sine gode velferdstenester, seier Navarsete.

Mange ordførarar landet rundt blir truleg nøgde med både større handlingsrom og ekstra tilskot. Oslo får til  dømes om lag 38,9 millionar kroner meir i tilskot, Løten får åtte millionar kroner meir, Askøy 10 millionar og Harstad kommune om lag 6,2 millionar kroner. Heile lista finn du her.  

Det statlege investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar blir auka frå i snitt 25 prosent til 35 prosent av investeringskostnadane. For omsorgsbustader aukar utmålinga frå 20 til 30 prosent og for sjukeheimsplassar frå 30 til 40 prosent. Dei maksimale satsane i 2011 aukar frå 444 400 kroner til 666 600 kroner per omsorgsbustad og frå 666 600 kroner til 888 800 kroner per sjukeheimsplass.

- Me ynskjer òg å gjere tilskotsordninga meir fleksibel og tydeleg for kommunane, seier kommunal- og regionalministeren.

Regjeringa gjer difor framlegg om å endre reglane slik at kommunane sjølv kan bestemme om dei vil inngå avtalar med frivillige organisasjonar, bustadbyggjelag, private omsorgsfirma eller andre. Endringa inneber at høvet til å tildele tilskot vidare blir avvikla. Kommunane kan få tilskot uavhengig av om kommunen sjølv byggjer og driftar tenesta eller om kommunen heilt eller delvis kjøper slike tenester av andre aktørar. Kommunane må sikre seg disposisjonsrett til omsorgsplassane i 30 år.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.