Historisk arkiv

3 millionar til prosjektet ”Kysten er klar” i Sør-Trøndelag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 3 millionar kroner i støtte er Kysten er klar, eit samarbeidsprosjekt i kommunane Frøya, Hitra, Hemne, Bjugn og Ørland.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 3 millionar kroner i støtte er Kysten er klar, eit samarbeidsprosjekt i kommunane Frøya, Hitra, Hemne, Bjugn og Ørland.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med og skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i behandlinga av søknadar.

Gjennom bulystsatsinga har vi utfordra norske lokalsamfunn på kva innhald dei vil gi til omgrepet attraktive lokalsamfunn. Vi har fått mange, ulike svar. Engasjementet har vore stort. Det setter vi stor pris på. Kysten er klar fokuserer på temaet integrering av innvandrarar og andre tilflyttarar til regionen. Dette er i tråd med nasjonale mål.

- Me veit at over 70 prosent av folketilveksten i Noreg kjem frå innvandring frå utlandet. I distriktsområde er det mange kommunar som dei siste åra har hatt ei meir positiv folketalsutvikling, nettopp av den grunn. Det er difor ei klar målsetting å sørgje for at tilflyttarar trivst og blir buande, slik at desse tala kan bli meir stabile og vedvarande, seier statsråd Navarsete.

- Kommunane har klare ambisjonar for prosjektarbeidet, der det skal målast kor mange som blir verande, kven som hentar familien sin, kor mange som investerer i eigen bustad, og om det kjem nye etableringar av verksemder. Det skal bli spennande å sjå resultata frå dette arbeidet om nokre år, avsluttar statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.