Historisk arkiv

31 kommunar med i ny satsing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

31 kommunar går no i front for å ta tak i dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren: Sjukefråvere, kompetanse/rekruttering, heiltid/deltid og omdøme. - Eg er svært glad for at kommunane ønskjer å skape endå betre tenester til innbyggjarane sine, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

31 kommunar går no i front for å ta tak i dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren: Sjukefråvere, kompetanse/rekruttering, heiltid/deltid og omdøme. - Eg er svært glad for at kommunane ønskjer å skape endå betre tenester til innbyggjarane sine, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ho kunne i dag presentere dei første kommunane som er valde ut til utviklingsprogrammet Saman om ein betre kommune. Programmet er eit samarbeid mellom Kommunal- og regionaldepartementet, KS og dei store forhandlingssamanslutningane. Om lag 100 kommunar har søkt om å få delta i programmet.

- For høgt sjukefråvere er eit problem i mange kommunar. Andre slit med å rekruttere dyktige folk i viktige stillingar. Vi vil at kommunane skal jobbe for å leggje til rette for at dei som ønskjer det skal få heile stillingar og sleppe å jobbe deltid. Desse problemstillingane gir utslag på omdømet til kommunen. Kan kommunane bli betre på desse områda, trur eg både innbyggjarane, dei tilsette og leiarane blir meir fornøgde, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Vi som er partar i Saman om ein betre kommune har eit felles mål om å skape best muleg tenester til innbyggjarane landet rundt. Dyktige og fornøgde medarbeidarar, medvitne politikarar og gode leiarar skaper gode tenester, seier Navarsete.

25 prosjekt, med til saman 31 kommunar, skal få støtte til å jobbe med nokre av dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren. Seinare i år skal fleire kommunar få bli med i programmet. Programmet er også tenkt utvida med fleire kommunar hausten 2012.

Saman om ein betre kommune skal gje deltakarkommunane støtte og få fram kunnskap og gode eksempel til bruk for alle kommunar.

- Målet er å få på plass ein god fornyings- og omstillingskultur i kommunane basert på eit lokalt samarbeid mellom tilsette, administrativ leiing og lokale politikarar. Programmet skal få fram gode eksempel som andre kommunar kan lære av. Alle kommunar har ansvar for å få det beste ut av ressursane sine. Det gjeld både pengar og tilsette. Eg trur eit samarbeid mellom tilsette, leiarar og politikarar gir dei beste løysingane. Her kan alle lære noko og alle kan bli betre, seier Navarsete.

Departementet samarbeider med KS, LO Kommune, YS Kommune, Akademikerne og Unio om utviklingsprogrammet.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.