Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2012

40 millionar kroner til nytt næringshageprogram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 40 millionar kroner til nytt næringshageprogram i regi av SIVA.

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 40 millionar kroner til nytt næringshageprogram i regi av SIVA.

SIVA har starta opp eit nytt næringshageprogram. Kommunal- og regionaldepartementet legg opp til å gje 40 millionar kroner til det nye programmet i 2012, som er ei dobling frå budsjettet for 2010. Programmet skal bidra til å utvikle nye arbeidsplassar innan kunnskapsbaserte næringar i distrikta. Dette skal skje gjennom å leggje til rette for kunnskapsarbeidsplassar innanfor eksisterande næringsliv og for etablering av nye bedrifter.

- Næringshageprogrammet er viktig fordi me har tru på at samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere kreativitet og pågangsmot. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene. Ut av slike miljø veks nye idear og nye bedrifter, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ein næringshage er eit utviklings- og nyskapingsmiljø for bedrifter som gjennom eit eige selskap ønskjer å vidareutvikle kunnskapsarbeidsplassar i regionen. Ved opptak i programmet må miljøet bestå av minimum fem eksisterande bedrifter eller bedrifter i etableringsfasen med til saman 10 tilsette.

Etablering av eit næringshagemiljø skal skje i nært samspel med fylkeskommunane på bakgrunn av regionale behov og utfordringar.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.