Historisk arkiv

700 000 kroner i bulystmidlar til rekrutterings- og omdømmeprosjekt i Kirkenes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse prosjekta er i regi av Kirkenes næringshage, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse prosjekta er i regi av Kirkenes næringshage, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kirkenes og området rundt har kome til den erkjenninga at det er ikkje nok å ha spennande arbeidsplassar for å utvikle kommunen. Det er nødvendig å bygge omdømme og legge til rette for at midlertidige tilflyttarar og pendlarar ønskjer å busette seg i området meir langsiktig. Det vil ha positiv verknad for heile kommunen.

- For å få til dette er det viktig å gå inn i eit forpliktande samarbeid mellom kommunen, næringslivet og organisasjonar i området. Det har Kirkenes gjort i prosjektførebuingane, og det lovar godt. Eg trur at vi i åra framover vil sjå utvikling og vekst i dette området, og eg vonar at dette prosjektet kan vere med og bidra til det, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.