Historisk arkiv

Bu i Stryn - Designlandet får 1,8 millionar kroner frå bulystsatsinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Fire av desse ligg i Sogn og Fjordane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Fire av desse ligg i Sogn og Fjordane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal skaffe meir kunnskap om kva attraktive lokalsamfunn kan vere. - Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Stryn tek leiinga i arbeidet med å skape ein praktisk fungerande modell for korleis design kan drive fram stadutvikling. Denne tildelinga byggjer på erfaringane som er samla i forprosjektet, som var delfinansiert av bulystmidlar i fjor. Stryn har arbeidd mykje med dette temaet og har erfaringar som er verdifulle, også for andre som vil arbeide med temaet design og merkevarebygging. Prosjektet har god forankring i lokalt næringsliv, noko som er ein viktig føresetnad for at arbeidet skal lukkast.

- Vi ser med stor spenning på det som skal skje i Stryn dei komande åra, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.